Tenester → Årsavslutning
Årsavslutning
Når rekneskapsåret er over, er det tid for årsavslutning – ei viktig oppgåve som sikrar at rekneskapen din gir eit rettvisande bilete av verksemda. Hos Økoråd Sogn sørgjer vi for at alt er på plass, frå periodisering og vareteljing til skattemelding og innsending av offentlege rapportar.
Skattemelding og skatteutrekning
Alle næringsdrivande må levere skattemelding til Skatteetaten. Vi tek ansvar for å utarbeide korrekt skatteutrekning og sikre at skattemeldinga blir levert innan fristen. Ulike selskapsformer krev ulike skjema, og våre autoriserte rekneskapsførarar har full kontroll på kva som gjeld for din verksemd – anten det er enkeltpersonføretak, aksjeselskap eller ansvarleg selskap.
Årsrekneskap og innsending til Rekneskapsregisteret
I tillegg til skattemeldinga, må årsrekneskapet sendast inn til Rekneskapsregisteret. Vi sørgjer for at dette vert gjort til rett tid, og at alt er korrekt ført. Fristen for innsending er 31. juli for dei fleste verksemder som avsluttar rekneskapen per 31. desember. Med oss på laget kan du vere trygg på at alle krav vert oppfylt.
Kvalitet i alle ledd: bilag og dokumentasjon
Eit godt årsoppgjer byggjer på grundig dokumentasjon. Bilag – som kvitteringar og fakturaer – må bokførast riktig for å dokumentere inntekter og utgifter. Vi hjelper deg med å strukturere og levere bilag på ein måte som gjer prosessen enklare og reduserer kostnadene for deg. Særleg små betalingar med bankkort kan skape meirarbeid – vi gir deg gjerne råd om korleis slike utgifter kan handterast på ein smart måte.
Vareteljing og periodisering
For verksemder med varelager er ei korrekt vareteljing viktig for å få eit rettvisande årsrekneskap. Vi hjelper deg med å gjennomføre vareteljinga, slik at varekostnaden og verdien av lageret vert korrekt. Samtidig ser vi til at alle inntekter og kostnader vert periodisert eller tidfesta, for å gi eit nøyaktig bilete av resultatet i perioden.
Oppbevaring av rekneskapsmateriale
Hugs at bilag og anna rekneskapsmateriale må oppbevarast i minst 5 år. Har du bilaga elektronisk, må dei tryggleikskopierast, og du kan kaste papirdokumenta når kopien er klar. Vi hjelper deg gjerne med gode råd om korleis du kan lagre rekneskapsmaterialet på ein sikker og praktisk måte.
Revisjonsplikt – kva gjeld for di verksemd?
Om du må bruke revisor eller ikkje, kjem an på organisasjonsform og omsetning. Einkeltpersonføretak er vanlegvis ikkje revisjonspliktige, medan aksjeselskap og samvirkeforetak må ha revisor om driftsinntektene overstig 5 eller 6 millionar kroner. Vi i Økoråd Sogn kjenner regelverket og gir deg råd om kva som gjeld for di verksemd.
Treng du hjelp til årsoppgjeret?
Vi i Økoråd Sogn er klare til å bistå deg med alt frå A til Å. Ta kontakt for ein uforpliktande prat!