Tenester → Landbruksrekneskap

Landbruksrekneskap

Landbruksrekneskap er spesielt og krev både økonomisk forståing og bransjekunnskap. Hos Økoråd Sogn har vi regnskapsførarar som sjølv er bønder, og som veit kva som skal til for å få ein gard til å gå rundt. Difor får du ikkje berre rekneskapsføring – du får også gode råd om alt frå investeringar til søknadsprosessar og driftsplanar.

Enkle digitale løysingar – mindre papir, meir oversikt

Vi veit at mange gardsbruk har fleire ulike produksjonar – som skog, korn og dyrehald – og vi kan setje saman eit oversiktleg og korrekt rekneskap. Vi kan òg hjelpe med nye tilleggsverksemder som utleige, servering og overnatting, og ser til at alt er med i rekneskapet.

Elektroniske løysingar gjer kvardagen enklare, med mindre papir og meir oversikt. Du får enkel tilgang til faktura, betalingar og rapportar – alt i eitt moderne system.

Samtidig er vi ein rådgivar du kan spele på lag med: Vi ser på tala og gir deg råd om investeringar, finansiering og drift. Er investeringa lønnsam? Har du økonomi til det? Vi hjelper deg å ta gode avgjerder.

Vi har eit tett samarbeid med Bondelaget, og vi kjenner både det lokale landbruket og alle aktørane du jobbar med.

ØkoRåd SOgn har lang erfaring med landbruksrekneskap. Me hjelper deg blant anna med:

Foto: Lærdal Grønt/Sverre Hjørnevik

Foto: Lærdal Grønt/Sverre Hjørnevik