IT-løysningar → Elektroniske løysningar
Elektroniske løysingar
Den siste tida har det vore stor utvikling innanfor elektroniske løysingar i rekneskapsbransjen. ØkoRåd Sogn kan tilby dei mest moderne løysingane på marknaden, som vil gjere din kvardag mykje enklare.
ØkoRåd Sogn kan pr i dag levere all rekneskapsdokumentasjon elektronisk via scanna bilag/rekneskapsdokumentasjon og elektroniske avstemminger. Med ØkoRåd Sogn sin administrasjon som direkte mottakar av dine fakturaer, kan du unngå å ha papira innom ditt eige kontor. Du attesterer i staden enkelt elektronisk i våre system før fakturaen vert bokført og lagt ut for betaling. Ta kontakt for ein demonstrasjon av denne dokumentflyten.