Tenester → Rekneskap og lønn

Rekneskap og lønn

Rekneskap og lønn er grunnpilarane i ei sunn og velfungerande verksemd. Økoråd Sogn tilbyr solide og tilpassa løysingar som gir deg kontroll og tryggleik – og lar deg bruke tida på det du er best på.

Vi tek hand om alt frå moms til rekneskapsrapportar

Som ein del av våre rekneskapstenester sørgjer vi for at momsrekneskap, a-meldingar, skatt, arbeidsgjevaravgift og NAV-meldingar vert handtert korrekt og til rett tid. Vi hjelper deg med reiserekningar og avstemming, og lagar rekneskapsrapportar som gir deg full oversikt over den økonomiske situasjonen i verksemda di. Med tilgang til moderne løysingar får du eit oppdatert og korrekt bilete av økonomien – tilgjengeleg når du treng det.

Lønn: Riktig lønn til riktig tid

Løn er avgjerande for å ha fornøgde medarbeidarar. Vi sørgjer for at alle lønnsutbetalingar skjer korrekt og til avtalt tid, enten det gjeld faste eller variable utbetalingar, feriepengar eller ekstra lønnskøyringar. Vi kan òg ta oss av elektroniske innberetningar, pensjon og forsikring, og rapportering til offentlege instansar. Vi tilbyr system for reiserekningar og handterer refusjonar av sjukepengar og fødselspengar.

Moderne teknologi for enklare prosessar

For å gjere prosessane så enkle som mogleg, tilbyr vi smarte digitale løysingar. Du kan registrere timar, reiseutgifter og andre relevante opplysningar rett i systemet vårt, noko som gjer lønnskøyringa både rask og korrekt. Dette bidreg til at du som kunde alltid har oversikt og kan følgje med på utviklinga i sanntid.

Fordelar for di bedrift

Ved å setje bort rekneskap og lønn til Økoråd Sogn, blir bedrifta di mindre sårbar. Du slepp å bekymre deg for feriar, sjukefråvær eller endringar i regelverket – våre tilsette held seg alltid oppdaterte på lover og reglar. Dermed kan du bruke meir tid og ressursar på det som er kjerneverksemda di. Samtidig får du ein lokal samarbeidspartnar som er tilgjengeleg for tett oppfølging og råd når du treng det.

Tjenester vi kan tilby:

  • Momsrekneskap

  • A-meldingar, skatt, arbeidsgjevaravgift, NAV

  • Reiserekningar

  • Rekneskapsrapporter