Din rådgjevar - tett på økonomien i bedrifta.
Økoråd Sogn er eit veletablert rekneskaps- og rådgjevingsfirma med kontor i Lærdal, Årdal og Sogndal. Med 26 tilsette – der 13 er autoriserte rekneskapsførarar – tilbyr me solid fagkompetanse og lokalkunnskap til kundar i heile regionen.
ØkoRåd Sogn leverer tenester innan økonomi til bedrifter i sogneregionen. Rekneskap er vår kjerneverksemd. Rekneskapsdata vi produserer er eit viktig styringsverktøy og ØkoRåd Sogn kan hjelpe deg til å nytte talla slik at din bedrift opplever verdiauke og vekst.
Våre tenester
Kvifor velje ØkoRåd Sogn?
-
Hos Økoråd Sogn får du ikkje berre ein tradisjonell rekneskapsførar, men også ein rådgjevar som forstår utfordringane i di verksemd. Våre autoriserte rekneskapsførarar er opptekne av å sjå heilskapen, slik at du får både trygg rekneskapsføring og gode råd til vidare utvikling. Dette gir deg eit solid grunnlag for å ta informerte avgjerder, uansett om du er ein liten bedrift eller eit større selskap.
-
Vi i Økoråd Sogn er alltid på jakt etter dei beste løysingane for våre kundar, og teknologi er eit viktig verktøy. Vi har investert i moderne programvare og verktøy som gir både deg som kunde og våre tilsette fleksibilitet og effektivitet. Med tilgang til dine rekneskapsdata på nett kan du til ei kvar tid følgje med på utviklinga i verksemda di – trygt, enkelt og tilpassa dine behov.
-
Økoråd Sogn er ein del av Økonomiservice, som har kontor i Lærdal, Årdal, Sogndal, Vang og Leikanger. Dette betyr at vi kjenner til dei lokale forholda og kan vere ein nær og tilgjengeleg samarbeidspartnar. Vi er alltid klare for ein prat, og vi bryr oss om å forstå din situasjon og finne dei løysingane som passar best for deg.
-
Med 28 tilsette og 12 autoriserte rekneskapsførarar har vi i Økoråd Sogn ei brei erfaring frå ulike bransjar og fagområde. Vi veit at alle verksemder er ulike, og vi har kunnskapen som skal til for å tilpasse oss akkurat dine behov. Samtidig held vi oss oppdatert gjennom kontinuerleg kompetanseheving, slik at du alltid får den beste hjelpa frå folk som kan faget sitt.
Karriere innan økonomisk rådgjeving?
Økonomifaget er stadig endring. Saman med ØkoRåd-kjeda jobber vi med nye teknologiske løysingar og robotisering for å effektivisere samarbeidet med kundar. Dette gjer at vi kan jobbe meir med økonomisk rådgjeving - til beste for våre kundar. ØkoRåd Sogn er stadig på jakt etter deg som ser på økonomifaget som ei spennande framtid. Det kan vi garantere:-)